Hopp til hovedinnhold
NHN
Gå tilbake til Alle nyheter

Viktig milepæl er nådd: Alle Helsenorge-tenester er tilgjengelege på nynorsk

Sist oppdatert:

Etter snart åtte år med målretta arbeid er Helsenorge i ferd med å oppfylle språklovas krav. Takka vere tydelege leiaravgjerder, tett samarbeid og eit omfattande omsettingsarbeid kan innbyggarane no velje mellom bokmål og nynorsk i alle tenestene.

Reidun Heggedal, Thea Wehler Knudtzon og Maimu Berezkina
Reidun Heggedal, Thea Wehler Knudtzon og Maimu Berezkina i Helsenorgeredaksjonen har jobba mykje med nynorsk på Helsenorge.

Då Helsenorge starta det systematiske arbeidet med nynorsk i 2018, var situasjonen langt unna dagens nivå. Berre 3,8 prosent av det opne innhaldet var på nynorsk, og berre éi teneste, Pasientreiser, var tilgjengeleg på begge skriftspråk. I dag er biletet eit heilt anna.

Lovkrav som retning og forplikting

Språklova, som tredde i kraft i 2022, har som mål å styrke og verne både bokmål og nynorsk som samfunnsberande språk, samtidig som ho skal sikre klart og forståeleg språk i offentleg sektor. Lova stiller blant anna krav om at digitale sjølvbeteningsløysingar skal finnast på begge skriftspråk, og at statsorgan skal ha minst 25 prosent av både nynorsk og bokmål i det opne innhaldet sitt.

For Helsenorge betyr dette at alle tenestene som krev pålogging, og alle skjema, blir omfatta av lovkravet om tilgjengelegheit på begge skriftspråk.

Innbyggarane kan no velje nynorsk i alle tenestene

I april 2026 nådde Helsenorge ein viktig milepæl: Innbyggarane kan no velje om dei vil bruke nynorsk eller bokmål i alle tenestene. Også arbeidet med skjema er godt på veg, med eit stort fleirtal allereie omsett: det står att å omsette 5 av 98 skjema.

Sjølve omsettingsarbeidet har Helsenorgeredaksjonen gjort sjølv. Det har vore tidkrevjande, med mykje manuelt arbeid med tusenvis av enkelttekstar, frå korte knappetekstar til lange og komplekse forklaringar.

Tydeleg leiaravgjerd gav fart

Eit avgjerande vendepunkt kom i produktstyringsmøtet før jul i 2023. Då blei det sett som mål at alle tenestene på Helsenorge skulle vere tilgjengelege på nynorsk innan 1. januar 2026.

– Då leiinga var så tydeleg på målsettinga, blei det enklare for heile Helsenorge-miljøet å prioritere nynorsk, i konkurranse med mange andre viktige oppgåver, seier Reidun Heggedal. Reidun jobbar i Helsenorgeredaksjonen og er ein av dei som har drive arbeidet og gjort mykje av omsettingane.

Ho peikar på at arbeidet tok litt tid å kome i gang, men at tempoet auka etter kvart som dei første tenestene blei ferdigstilte.

– Når nokre tenester først var på plass, begynte ballen å rulle. Det gav både motivasjon og erfaring som gjorde det lettare å få dei neste over målstreken, seier ho.

Avhengig av tett samarbeid

Arbeidet med nynorsk har vore eit stort lagarbeid. Utviklarar, testarar, områdeprodukteigarar og andre i utviklingsteama, redaksjonen og leiarar har alle bidratt på ulike måtar. Redaksjonen har hatt ansvar for sjølve omsettingane, men har vore heilt avhengig av utviklingsteama for å få språkvalet på plass teknisk i kvar enkelt teneste.

For at innbyggarane skal kunne velje nynorsk i ei teneste, må utviklarane nemleg gjere endringar i koden og teste grundig at alle tekstar og funksjonar fungerer som dei skal før endringane blir sette i produksjon.

Stabil framgang òg for ope innhald

I dag er 23 prosent av det opne innhaldet på Helsenorge på nynorsk. Helsenorgeredaksjonen har jobba målretta saman med dei mange samarbeidspartnarane våre (blant anna Helsedirektoratet, Helfo, Giftinformasjonen og Felles nettløysing for spesialisthelsetenesta) med å auke andelen steg for steg, framfor å prøve å nå 25-prosentkravet på kort tid. Veksten har lege på rundt 2-3 prosent årleg.

Når det gjeld nytt innhald, har Helsenorge allereie oppfylt lovkravet to år på rad: 26 prosent nynorsk i 2023 og 28 prosent i 2024. Det gir eit solid utgangspunkt for å kome heilt i mål i 2026.

– Vi ser at det går framover, og har stor tru på at vi òg når dette målet, seier Maimu Berezkina. – Det har skjedd ei tydeleg haldningsendring, og nynorsk er no ein naturleg og prioritert del av arbeidet på Helsenorge. Maimu jobbar i Helsenorgeredaksjonen og er språkansvarleg for Helsenorge.