Hopp til hovedinnhold
NHN

Berekraft i Norsk helsenett

Vi får ei stadig viktigare rolle og med dette følgjer eit ansvar for å drive verksemda på ein berekraftig og ansvarleg måte. Berekraft skal vere ein naturleg del av tenestutviklinga og leveransane våre.

Kva er berekraft for oss?

Berekraftig utvikling handlar om å jobbe godt innanfor dei tre dimensjonane klima og miljø, sosiale forhold og økonomi og styring. Vi har plukka ut dei berekraftsmåla frå FN korvi kan bidra mest:

Norsk helsenetts utvalgte bærekraftsmål.png
Våre utvalde berekraftsmål

Våre berekraftsløfter

Basert på berekraftsmåla vi valde, har vi utarbeidd berekraftsløftesom dreier seg om både rolla vår som nasjonal tenesteleverandør og som verksemd.

  • Gjennom vårt samfunnsoppdrag bidreg vi til digitalisering og ei meir berekraftig helseteneste.
  • Som ansvarleg verksemd må vi ta stilling til: Korleis vi bruker vår innkjøpsmakt? Korleis produserer og forbruker vi? Korleis jobbar vi i den sosiale dimensjonen med inkludering og mangfald?

Under kan du lese meir om kvart enkelt berekraftsløfte.

Løfte for eit berekraftig samfunnsoppdrag

Løfte som ei ansvarleg verksemd

Rammeverket

Norsk helsenett har arbeidd systematisk med berekraft og nytta eit rammeverk basert på SDG Compass. Vi har følgt ein prosess gjennom ulike fasar, for til slutt å komme fram til eit tiltaks og handlingsplan. Arbeidet har gått føre seg gjennom prosjektarbeid med arbeidsgrupper og leiargruppe.

Du kan lese meir om prosessen i årsrapport for 2022. Her finn du også forenkla klimarekneskap for 2022


Arbeidet vårt med openheitslova

Openheitslova skal fremje verksemders respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold, og sikre allmenheten tilgang til informasjon. Lova pålegg Norsk helsenett ei informasjonsplikt, og ei plikt til mellom anna å gjennomføre varsemdvurderingar for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold, i tråd med OECDs retningslinjer.

Vi arbeider kontinuerleg med varsemdvurderingar etter openheitslova. Forklaringa for perioden 2022-2023 kan du lese her: Utgreiing av aktsemdsvurderingar etter openheitsloven

Send spørsmål som gjeld openheitslova til

Kontakt oss om berekraft

Foto av Maria Einarsen Pretorius
Maria Einarsen Pretorius leder for berekraft
Fant du det du lette etter?